Mitt namn er Solveig Tuft, og har frå hausten 2022 jobba som privatpraktiserende logoped i Bjørnafjorden, med kontor på Os. Eg har praksis frå arbeid med både barn og vaksne, og lang erfaring som barnehagelærar og adjunkt.
Våren 2022 fullførte eg masterstudiet i logopedi ved Universitetet i Bergen.
Som medlem av Norsk Logopedforbund, følgjer eg dei yrkesetiske retningslinjene som gjeld for medlemmene der.
SERTIFISERING OG KURS:
LSVT LOUD: LSVT LOUD (Lee Silverman Voice Treatment) er ein intensiv, forskningsbasert stemmetreningsmetode som er spesielt utvikla for personar med Parkinson sjukdom. Ein må vere sertifisert for å bruke denne metoden.
Logos/Logometrica: Eit komplett testbatteri for å kartlegge leseferdigheit, diagnostisere dysleksi og utarbeide pedagogiske tiltak for den enkelte. Ein må vere sertifisert for å gjennomføre Logos.
«Oral Placement Theory / TalkTools» nivå 1 og 2: TalkTools er verktøy til bruk i metoden «Oral Placement Therapy» som blir brukt for å hjelpe barn med munnmotoriske vanskar.
